Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Filipparane 2:10-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. så kvart kne ¬skal bøya seg i Jesu namn,i himmelen, ¬på jorda og under jorda,

11. og kvar tunge sanna:Jesus Kristus er Herre, ¬til Gud Faders ære!

12. Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hjå dykk. Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse med otte og age.

13. For det er Gud som verkar i dykk både å vilja og å gjera etter hans gode vilje.

14. Gjer alt utan misnøye og motseiing,

15. så de kan vera lytelause og reine, Guds ulastande born midt i ei vrang og vond ætt. Mellom dei skin de som ljos i verda

16. med di de held fast på livsens ord, og eg skal få den ros på Kristi dag at strevet og livsverket mitt ikkje har vore til fånyttes.

17. Om eg sjølv skal ofrast medan eg gjer mi heilage teneste og ber dykkar tru fram som offer, så er eg likevel glad, og eg gleder meg saman med dykk alle.

18. Så må de òg vera glade og gleda dykk saman med meg.

19. Herren Jesus gjev meg den vona at eg snart kan senda Timoteus til dykk, så eg kan få nytt mot når eg får høyra korleis det går med dykk.

20. Eg har ingen som han, ingen som så ærleg kan ha omsut for dykk.

21. Alle dei andre søkjer sitt eige, ikkje det som høyrer Jesus Kristus til.

22. Men de veit at Timoteus har stått si prøve. Han har vore som ein son for meg når vi saman har gjort teneste for evangeliet.

Les hele kapitlet Filipparane 2