Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Filipparane 1:17-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Dei andre gjer det for å hevda seg og ikkje med ærleg hug, i den tru at dei kan gjera fangenskapet mitt tyngre å bera.

18. Men kva gjer det? Kristus vert i alle høve forkynt, kva måte det så vert gjort på, anten dei gjer det med baktankar eller i sanning, og det gleder eg meg over. Og eg vil halda fram med det.

19. For eg veit at alt dette skal verta til frelse for meg, av di de bed for meg, og Jesu Kristi Ande gjev meg hjelp.

20. Eg vonar og ventar at eg ikkje skal verta til skammar i noko, men at alle, no som alltid før, skal få sjå kor stor Kristus er ved det som hender med meg, anten eg lever eller døyr.

21. For meg er livet Kristus og døden ei vinning.

22. Men kan eg gjera eit arbeid som ber frukt om eg lever lenger, då veit eg ikkje kva eg skal velja.

23. Eg kjenner meg dregen til begge sider: Eg har hug til å fara herifrå og vera saman med Kristus, for det er så mykje, mykje betre.

24. Men for dykkar skuld er det meir naudsynt at eg får leva.

25. Det er eg viss på, og difor veit eg at eg skal få leva og vera hjå dykk alle og hjelpa dykk til framgang og glede i trua.

26. Og når eg kjem til dykk att, skal de i Kristus Jesus få rikeleg grunn til å prisa dykk lukkelege for mi skuld.

27. Så gjeld det berre at de lever eit liv som er Kristi evangelium verdig. Anten eg no kjem og sjølv ser dykk, eller eg er borte, så lat meg få høyra at de står faste i éin Ande og samhuga strider for trua på evangeliet,

28. og ikkje på nokon måte lèt dykk skræma av motstandarane. Dette er eit varsel frå Gud sjølv, for dei om fortaping, men for dykk om frelse.

29. Dykk vart det gjeve, ikkje berre å tru på Kristus, men òg å lida for han.

30. De har den same striden som de såg at eg hadde, og som de no høyrer at eg har.

Les hele kapitlet Filipparane 1