Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Efesarane 4:14-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster.

15. Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus.

16. Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.

17. Så bed eg dykk inntrengjande i Herrens namn: Lev ikkje lenger som heidningane! Tankane deira er tome,

18. vitet deira formørkt, og dei er framande for livet i Gud. For hjarto deira har vorte forherda, så dei ikkje kjenner han.

19. Dei er utan skamkjensle og har kasta seg ut i sedløyse, dei lever i allslags umoral og jagar etter pengar.

20. Men det er ikkje på den måten de har lært Kristus å kjenna!

21. De har då høyrt om han og fått opplæring om han etter den sanning som er i Jesus.

22. De skal ikkje leva som før, men leggja av det gamle mennesket som vert tynt av dei forførande lystene.

23. De må fornyast i sjel og sinn

24. og ikle dykk det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilete, til eit liv i rettferd og heilagdom i samsvar med sanninga.

25. Legg difor av lygna og tal sanning, kvar med sin neste! Vi er då lemer som høyrer kvarandre til.

Les hele kapitlet Efesarane 4