Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 8:26-38 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Ein engel frå Herren tala til Filip og sa: «Gjer deg ferdig og gå sørover på vegen frå Jerusalem til Gasa.» Dette er ein veg gjennom audt land.

27. Filip gjorde seg ferdig og tok ut. Best det var, fekk han sjå ein etiopisk hoffmann, som hadde vore i Jerusalem og tilbede Gud. Han var ein høg embetsmann som hadde tilsyn med skattkammeret hjå Kandake, dronninga i Etiopia.

28. No var han på veg heim og sat i vogna si og las profeten Jesaja.

29. Då sa Anden til Filip: «Gå dit bort og hald deg attmed den vogna!»

30. Filip sprang bortåt, og då han høyrde at han las profeten Jesaja, spurde han: «Skjønar du det du les?»

31. «Korleis kan eg vel det når ingen rettleier meg?» svara han. Og han bad Filip stiga opp i vogna og setja seg attmed han.

32. Det stykket i Skrifta som han las, lydde så:Lik sauen dei fører til slakting,lik lammet som teier ¬når det vert klypt,lét han ikkje opp sin munn.

33. Då han var fornedra,vart domen over han bortteken.Kven kan fortelja om hans ætt?For livet hans er rykt bort ¬frå jorda.

34. Hoffmannen sa då til Filip: «Sei meg, kven er det profeten talar om her? Er det om seg sjølv eller om ein annan?»

35. Då tok Filip til å tala, og ut frå dette skriftordet forkynte han evangeliet om Jesus for han.

36. Medan dei køyrde frametter vegen, kom dei til ein stad der det var vatn, og hoffmannen sa: «Her er vatn. Kva er i vegen for at eg vert døypt?»

37. «Trur du av heile ditt hjarta, så kan det gjerast,» sa Filip. «Eg trur at Jesus Kristus er Guds Son,» svara han.

38. Så lét han vogna stogga, og begge steig ned i vatnet, både Filip og hoffmannen, og Filip døypte han.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 8