Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 8:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Saulus var samd i at Stefanus vart drepen.Same dagen braut det ut ei hard forfylging mot kyrkjelyden i Jerusalem. Alle så nær som apostlane vart spreidde kringom i Judea og Samaria.

2. Nokre gudfryktige menn gravla Stefanus og heldt ei stor dødsklage over han.

3. Men Saulus gjekk til åtak på Herrens lyd. Han trengde seg inn i heimane og drog ut både menn og kvinner og fekk dei kasta i fengsel.

4. Dei som var spreidde ikring, fór rundt og forkynte evangeliet.

5. Filip kom ned til hovudstaden i Samaria, og der forkynte han Kristus.

6. Og alle som ein fylgde godt med når dei høyrde Filip tala og såg dei teikna han gjorde.

7. For mange hadde ureine ånder i seg, og dei fór ut med høge skrik, og mange lame og halte vart lækte.

8. Det var stor glede der i byen.

9. Ein mann som heitte Simon, hadde fare med trolldom i byen og sett folket i Samaria i stor undring. Han gav seg ut for å vera noko stort.

10. Alle var opptekne av han, og både små og store sa: «Han er den Guds kraft som kallast den store.»

11. Dei heldt seg til han, fordi han lang tid hadde sett dei i undring med trolldomskunstene sine.

12. Men no trudde dei Filip som forkynte evangeliet om Guds rike og Jesu Kristi namn, og dei lét seg døypa, både menn og kvinner.

13. Simon kom òg til tru; etter at han var døypt, heldt han seg trufast til Filip og var sterkt gripen av dei teikn og mektige gjerningar som han såg.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 8