Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 28:5-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Men Paulus riste ormen av seg, inn i elden, og hadde ikkje noko mein av det.

6. Dei andre venta berre at han skulle trutna opp eller brått falla død til jorda. Men då dei hadde venta ei god stund og såg at det ikkje hende noko uvanleg med han, slo dei heilt om og sa at han måtte vera ein gud.

7. Ikkje langt frå denne staden låg det eit gods som Publius, fremste mannen på øya, åtte. Han tok venleg imot oss, og vi var gjester hjå han i tre dagar.

8. Far til Publius låg sjuk nett då, plaga av feber og dysenteri. Paulus gjekk inn til han, bad og la hendene på han og lækte han.

9. Sidan det gjekk så, kom dei til han, dei andre òg der på øya som leid av ein eller annan sjukdom, og dei vart lækte.

10. Dei gjorde stor ære på oss; og då vi tok ut, gav dei oss det vi trong.

11. Då det hadde gått tre månader, siglde vi derifrå med eit skip som hadde lege ved øya om vinteren. Det var frå Aleksandria og hadde tvillingane til skipsmerke.

12. Vi gjekk inn til Syrakus og låg der i tre dagar.

13. Derifrå siglde vi langs kysten og kom til Regium. Dagen etter fekk vi sønnavind og kom på to dagar til Puteoli.

14. Der råka vi nokre brør, som bad oss vera hjå dei ei vekes tid. Så fór vi til Roma.

15. Brørne der hadde høyrt om oss og møtte oss heilt ute ved Forum Appii og Tres Tabernæ. Då Paulus såg dei, takka han Gud og fekk nytt mot.

16. Då vi var komne inn i Roma, fekk Paulus lov til å bu for seg sjølv saman med den soldaten som heldt vakt over han.

17. Tre dagar etter kalla han saman dei fremste av jødane i byen. Då dei var samla, sa han til dei: «Brør! Eg har ikkje gjort noko gale mot folket vårt eller brote dei skikkane vi har frå fedrane. Men endå vart eg sett fast i Jerusalem og gjeven i hendene på romarane.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 28