Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 28:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då vi var berga, fekk vi vita at øya heitte Malta.

2. Dei som budde der, var svært hjelpsame mot oss. Dei tok seg av oss alle og kveikte bål; for det hadde teke til å regna, og det var kaldt.

3. Paulus sanka i hop ein haug med kvister og la på bålet. Då kom det fram ein orm som rømde for heten, og beit seg fast i handa hans.

4. Då folket der såg dyret hanga ned frå handa hans, sa dei til kvarandre: «Den mannen må vera ein mordar, sidan rettferdsgudinna ikkje lèt han leva, endå han er berga frå havet.»

5. Men Paulus riste ormen av seg, inn i elden, og hadde ikkje noko mein av det.

6. Dei andre venta berre at han skulle trutna opp eller brått falla død til jorda. Men då dei hadde venta ei god stund og såg at det ikkje hende noko uvanleg med han, slo dei heilt om og sa at han måtte vera ein gud.

7. Ikkje langt frå denne staden låg det eit gods som Publius, fremste mannen på øya, åtte. Han tok venleg imot oss, og vi var gjester hjå han i tre dagar.

8. Far til Publius låg sjuk nett då, plaga av feber og dysenteri. Paulus gjekk inn til han, bad og la hendene på han og lækte han.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 28