Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 27:5-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Så siglde vi over havstykket utanfor Kilikia og Pamfylia og kom til Myra i Lykia.

6. Der fann offiseren eit skip frå Aleksandria som skulle til Italia, og han sette oss om bord i det.

7. I mange dagar gjekk det smått framover, og vi greidde så vidt å koma på høgd med Knidos. Då vi ikkje kunne koma lenger for vinden, heldt vi ned under Kreta ved Salmone-neset.

8. Det greidde vi så vidt å sigla rundt og kom til ein stad som dei kallar Godhamn, ikkje langt frå ein by som heiter Lasea.

9. No hadde det gått lang tid, og det var ikkje lenger trygt å ferdast på sjøen, for det leid alt over fastedagen. Difor åtvara Paulus dei

10. og sa: «Godt folk, eg ser at det er vågsamt å fara lenger, og at vi kan koma til å missa ikkje berre skip og last, men livet med.»

11. Men offiseren trudde meir på kapteinen og skipsreiaren enn på det Paulus sa.

12. Og sidan det var ei ulagleg hamn for vinterlægje, heldt dei fleste på at dei skulle sigla ut derifrå og freista å nå Føniks og liggja der vinteren over. Denne hamna på Kreta vender mot sørvest og nordvest.

13. Då det så tok til å blåsa litt frå sør, tenkte dei at dei kunne fullføra planen; dei letta anker og siglde langs Kreta nær land.

14. Men det var ikkje lenge før det kom ein kvervelvind kastande inne frå øya, nordaust-vinden som dei kallar han.

15. Skipet vart rive med; det var ikkje råd å halda det opp mot vinden, så vi gav opp og lét oss driva.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 27