Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 27:32-44 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

32. Då kappa soldatane toga som heldt båten, og lét han driva av.

33. Medan dei venta på at det skulle dagast, rådde Paulus alle til å få seg mat. Han sa: «I fjorten dagar har de no gått fastande og venta og har ikkje fått noko i livet.

34. Difor rår eg dykk til å eta; det må til, skal de verta berga. Ingen av dykk skal missa så mykje som eit hår på hovudet.»

35. Med så sagt tok han eit brød, takka Gud medan alle høyrde på, braut det og tok til å eta.

36. No fekk alle nytt mot, og dei tok til seg mat.

37. Vi var i alt 276 menneske om bord.

38. Då dei hadde ete seg mette, letta dei skipet med å hiva kornlasta i sjøen.

39. Då det vart dag, kjende dei ikkje att landet. Men dei fekk auga på ei vik med flat strand, og der ville dei freista å setja skipet på grunn.

40. Dei kappa ankera og lét dei gå i sjøen, og samstundes løyste dei surringane på rora, sette framseglet opp og heldt inn mot land med vinden.

41. Men best det var, dreiv dei inn mot ein sandbanke med djupt vatn på begge sider, og der rende dei skipet på grunn. Framstamnen bora seg djupt ned og vart ståande heilt fast, medan bakskipet etter kvart vart sundslege av bårebrotet.

42. No ville soldatane drepa fangane, så ingen av dei skulle få symja bort og røma.

43. Men offiseren ville berga Paulus og hindra dei i planen. Han gav påbod om at dei som kunne symja, skulle kasta seg uti fyrst og koma seg i land.

44. Så skulle dei andre koma etter, nokre på plankar og andre på vrakrestar. På den måten kom alle velberga i land.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 27