Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 23:7-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Ikkje før hadde han sagt det, så vart det strid mellom farisearar og saddukearar, og flokken kløyvde seg.

8. For saddukearane seier at det ikkje er noka oppstode, og at det ikkje finst englar og ånder, men farisearane lærer alt det.

9. No vart det mykje skrik, og nokre av dei skriftlærde frå farisearflokken reiste seg og la sterkt imot: «Vi finn ikkje noko gale hjå denne mannen. Tenk om det var ei ånd eller ein engel som tala til han?»

10. Striden vart så hard at kommandanten ottast dei kunne slita Paulus sund. Difor baud han soldatane gå ned og riva han ut or hendene deira og føra han inn i borga.

11. Natta etter stod Herren framfor han og sa: «Ver frimodig! Som du har vitna om meg i Jerusalem, skal du vitna i Roma òg.»

12. Då det vart dag, slo jødane seg saman, og svor på at dei korkje skulle eta eller drikka før dei hadde drepe Paulus.

13. Meir enn førti mann var med i denne samansverjinga.

14. Dei gjekk til overprestane og dei eldste og sa: «Vi har svore på at vi ikkje skal smaka mat før vi har drepe Paulus.

15. Send no de i lag med Rådet ei fråsegn til kommandanten og bed han senda han til dykk. Lat som om de vil granska saka hans nøgnare. Så står vi ferdige til å rydja han or vegen før han kjem fram.»

16. Men systerson til Paulus fekk høyra om denne løynde planen, og han gjekk opp i borga og fortalde det til Paulus.

17. Då sende Paulus bod etter ein av offiserane og sa: «Før denne unge guten til kommandanten! Han har ei melding til han.»

18. Offiseren tok han med seg til kommandanten og sa: «Paulus som sit fanga her, kalla på meg og bad meg føra denne unge guten til deg. Han har ei melding til deg.»

19. Kommandanten tok guten i handa, leidde han til sides og spurde: «Kva er det du har å fortelja meg?»

20. Han svara: «Jødane har avtala at dei i morgon skal be deg føra Paulus ned til Rådet. Dei skal lata som om dei vil granska saka hans nøgnare.

21. Men du må ikkje la deg overtelja! For meir enn førti av dei ligg og lurer på han. Dei har svore på at dei korkje skal eta eller drikka før dei har drepe han. No held dei seg budde og ventar berre på at du skal lova det.»

22. Kommandanten lét guten gå, men baud han strengt: «Lat ikkje nokon få vita at du har fortalt meg dette.»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 23