Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 23:23-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Så kalla han til seg to av offiserane og sa: «Ta 200 soldatar, 70 hestfolk og 200 lettvæpna menn, og lat dei halda seg ferdige til å fara til Cæsarea etter den tredje timen i natt!

24. Og syt for ridedyr, så dei kan få Paulus trygt fram til landshovdingen Feliks!»

25. Så skreiv han dette brevet:

26. Claudius Lysias helsar den høgvørde landshovdingen Feliks.

27. Denne mannen hadde jødane gripe og heldt på å gjera ende på han; men då eg fekk vita at han var romersk borgar, kom eg med soldatane og berga han.

28. Som eg no gjerne ville få greie på kva det var dei klaga han for, førte eg han fram for Rådet deira.

29. Eg fann då ut at klagemålet mot han galdt nokre spørsmål i lova deira, og at han ikkje var skulda for noko som han kunne dømast frå livet eller setjast i fengsel for.

30. Men sidan eg har fått melding om at dei har planlagt eit åtak på mannen, sender eg han til deg. Og eg har sagt frå til klagarane at dei får venda seg til deg i denne saka.

31. Soldatane gjorde som dei var føresagde: Dei tok Paulus med seg til Antipatris om natta.

32. Dagen etter vende dei attende til borga og lét hestfolket fara lenger med han.

33. Så snart dei kom til Cæsarea, lét dei landshovdingen få brevet og førte Paulus fram for han.

34. Han las brevet og spurde kva provins han var ifrå. Og då han fekk vita at det var Kilikia,

35. sa han: «Eg skal forhøyra deg når klagarane dine kjem.» Så baud han at Paulus skulle haldast i varetekt i slottsborga til Herodes.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 23