Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 22:14-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Då sa Ananias: «Han som er Gud åt fedrane våre, har valt deg ut til å kjenna hans vilje og sjå Den Rettferdige og høyra røysta frå hans munn.

15. For du skal vera hans vitne for alle menneske om det du har sett og høyrt.

16. Og no, kvifor dryer du? Kom og lat deg døypa og få syndene dine vaska av, medan du kallar på hans namn!»

17. Sidan, då eg var komen attende til Jerusalem og bad i templet, kom det ei bortrykking på meg.

18. Eg såg han, og han sa til meg: «Skunda deg! Far bort frå Jerusalem så snøgt du kan! For dei kjem ikkje til å ta imot vitnemålet ditt om meg.»

19. «Herre,» svara eg, «dei veit sjølve at eg fekk kasta dei som trudde på deg, i fengsel og lét dei verta piska kring i synagogene.

20. Og då blodet til Stefanus, vitnet ditt, rann, stod eg òg der. Eg var samd med dei som drap han, og tok vare på kleda deira.»

21. Då sa Herren til meg: «Ta i veg! Eg vil senda deg til heidningfolk langt borte.»

22. Så lenge lydde dei på han. Men då dei høyrde dette ordet, sette dei i og ropa: «Bort med han! Ein slik mann skulle ikkje få leva på jorda!»

23. Og dei skreik og veifta med kappene sine og kasta støv opp i veret.

24. Då lét kommandanten Paulus førast inn i borga. Han skulle få svepeslag og verta forhøyrd, sa han, så han kunne få vita kvifor dei hadde ropa slik imot han.

25. Men då dei hadde bunde Paulus og skulle til å piska han, sa han til offiseren som stod der: «Har de lov til å piska ein romersk borgar, og det utan dom?»

26. Då offiseren høyrde det, gjekk han til kommandanten og sa frå: «Kva er det du tenkjer på? Denne mannen er då romersk borgar.»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 22