Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 22:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. «Brør og fedrar! Høyr på meg når eg no ber fram forsvaret mitt for dykk!»

2. Då dei høyrde at han tala til dei på hebraisk, vart det endå stillare.

3. Eg er ein jøde, sa han, fødd i Tarsus i Kilikia, men oppvaksen her i byen. Ved Gamaliels føter har eg sete og fått grundig opplæring i fedrelova, og eg var like ihuga for Gud som de alle er det i dag.

4. Eg har bunde både menn og kvinner og fått dei kasta i fengsel, ja, til døden har eg forfylgt dei som heldt seg til denne læra.

5. Det kan øvstepresten og heile Rådet stadfesta. Dei gav meg jamvel brev med til brørne i Damaskus, og eg drog dit for å føra dei som var der, i lekkjer til Jerusalem og få dei straffa.

6. Men då eg var på vegen og alt var komen bort imot Damaskus, hende det brått ved middagstid at eit sterkt ljos frå himmelen stråla ikring meg.

7. Eg stupte til jorda, og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg?»

8. «Kven er du, Herre?» spurde eg. Han sa til meg: «Eg er Jesus frå Nasaret, han som du forfylgjer.»

9. Dei som var med meg, såg ljoset, men høyrde ikkje målet av han som tala til meg.

10. «Kva skal eg gjera, Herre?» spurde eg. Og Herren svara: «Reis deg opp og gå inn i Damaskus! Der skal dei seia deg alt det du er etla til å gjera.»

11. Eg kunne ikkje sjå, så sterk hadde glansen av ljoset vore. Men dei som var med meg, tok meg i handa og leidde meg, og såleis kom eg til Damaskus.

12. Der var det ein from mann, Ananias, som heldt seg etter lova og hadde godt ord på seg hjå alle jødane som budde der.

13. Han kom til meg og stod framfor meg og sa: «Saul, bror, du skal få att synet!» Og i same stunda fekk eg att synet og kunne sjå han.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 22