Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 2:6-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor mengd, og dei vart heilt rådville; for kvar høyrde at dei tala på hans eige mål.

7. Reint frå seg av undring spurde dei: «Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar?

8. Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål –

9. partarar og medarar og elamittar, folk frå Mesopotamia, Judea og Kappadokia, frå Pontos og Asia,

10. Frygia og Pamfylia, frå Egypt og Libya-landet bort imot Kyréne,

11. jødar og slike som har gått over til jødedomen og har flytt hit frå Roma, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!»

12. Dei visste ikkje kva dei skulle tru, og rådville spurde dei kvarandre: «Kva kan dette vera?»

13. Men nokre spotta og sa: «Dei har drukke søt vin! Dei er fulle!»

14. Då steig Peter fram saman med dei elleve, tok til ords og tala til dei:Jødiske menn og alle de som bur i Jerusalem! Lat meg få seia dykk kva dette er. Lyd vel etter orda mine!

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 2