Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 2:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då pinsedagen kom, var dei alle samla.

2. Brått kom det eit brus frå himmelen, som når ein sterk vind fer fram, og det fylte heile huset dei sat i.

3. Dei fekk sjå tunger liksom av eld, som skilde seg og sette seg på kvar ein av dei.

4. Då vart dei alle fylte av Den Heilage Ande, og dei tok til å tala på andre tungemål etter som Anden gav dei å forkynna.

5. I Jerusalem budde det mange jødar, fromme menn som var komne frå alle land på jorda.

6. Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor mengd, og dei vart heilt rådville; for kvar høyrde at dei tala på hans eige mål.

7. Reint frå seg av undring spurde dei: «Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar?

8. Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål –

9. partarar og medarar og elamittar, folk frå Mesopotamia, Judea og Kappadokia, frå Pontos og Asia,

10. Frygia og Pamfylia, frå Egypt og Libya-landet bort imot Kyréne,

11. jødar og slike som har gått over til jødedomen og har flytt hit frå Roma, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!»

12. Dei visste ikkje kva dei skulle tru, og rådville spurde dei kvarandre: «Kva kan dette vera?»

13. Men nokre spotta og sa: «Dei har drukke søt vin! Dei er fulle!»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 2