Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 18:5-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Og då Silas og Timoteus kom ned frå Makedonia, vigde Paulus seg heilt til forkynninga og vitna for jødane at Jesus var Messias.

6. Men då dei sette seg imot og spotta, riste han støvet av kleda sine og sa til dei: «Blodet dykkar skal koma over dykkar eige hovud. Eg er utan skuld. Heretter går eg til heidningane.»

7. Dermed gjekk han derifrå og kom heim til Titius Justus, ein mann som trudde på Israels Gud. Huset hans låg vegg i vegg med synagoga.

8. Synagogeforstandaren Krispus kom til tru på Herren saman med heile huslyden sin, og mange andre korintarar som høyrde Paulus, trudde og vart døypte.

9. Ei natt sa Herren til Paulus i eit syn: «Ver ikkje redd! Du skal ikkje teia, men tala!

10. Eg er med deg, og ingen skal leggja hand på deg eller gjera deg noko vondt; for eg har mykje folk i denne byen.»

11. Så vart han buande der i eit år og seks månader og lærte dei Guds ord.

12. Medan Gallio var fylkeshovding i Akaia, slo jødane seg saman mot Paulus og drog han fram for domstolen.

13. «Denne mannen,» sa dei, «lokkar folk til å dyrka Gud på ein måte som er i strid med lova.»

14. Paulus ville nett ta ordet då Gallio sa til jødane: «Hadde det vore eit brotsverk eller eit skarvestykke det galdt, då hadde eg hatt grunn til å høyra med tolmod på dykk, jødar.

15. Men er det strid om ei lære og om namn og om dykkar eiga lov, så får de greia opp med det sjølve. Eg vil ikkje vera domar i slike saker.»

16. Dermed jaga han dei bort frå domstolen.

17. Då tok alle fatt i synagogeforstandaren Sostenes og banka han opp midt framfor domarsetet. Men Gallio brydde seg ikkje det minste om det.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 18