Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 18:19-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Då dei kom til Efesos, skilde Paulus lag med dei andre; han gjekk til synagoga og gav seg i samtale med jødane.

20. Dei bad han vera lenger, men det ville han ikkje.

21. Då han tok avskil, sa han til dei: «Eg kjem til dykk ein annan gong, om Gud vil.» Så la han ut frå Efesos.

22. Då han kom til Cæsarea, gjekk han opp og helsa på kyrkjelyden. Så fór han ned til Antiokia.

23. Der vart han verande ei tid, men tok så ut att. Han fór gjennom Galatia-landet og Frygia og styrkte alle læresveinane.

24. Ein jøde som heitte Apollos og var fødd i Aleksandria, kom no til Efesos. Han var ein dugande talar og vel kjend i skriftene.

25. Apollos hadde fått opplæring om Herrens veg, og brennande ihuga som han var, forkynte og lærte han rett og reint om Jesus, endå han berre kjende Johannes-dåpen.

26. Han tok til å tala fritt og ope i synagoga, og der fekk Priskilla og Akvilas høyra han. Dei tok seg av han og gav han grundigare kjennskap til Guds veg.

27. Sidan fekk han hug å fara over til Akaia, og brørne talde han til det; dei skreiv til læresveinane der at dei måtte ta vel imot han. Då han kom dit, vart han til stor hjelp for dei som ved Guds nåde hadde kome til tru.

28. For med stor kraft sette han jødane til veggs når han i ope ordskifte prova ut frå skriftene at Jesus var Messias.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 18