Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 16:6-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Sidan fór dei gjennom Frygia og Galatia; for Den Heilage Ande hindra dei i å tala Ordet i Asia.

7. Då dei var komne bort imot Mysia, freista dei å fara til Bitynia; men Jesu Ande gav dei ikkje lov.

8. Så drog dei gjennom Mysia og kom ned til Troas.

9. Om natta hadde Paulus eit syn. Han såg ein makedonar som stod og kalla på han og bad: «Kom over til Makedonia og hjelp oss!»

10. Då han hadde hatt dette synet, freista vi straks å fara til Makedonia; for vi skjøna at Gud hadde kalla oss til å forkynna evangeliet der.

11. Så la vi ut frå Troas og siglde beint til Samotrake, og dagen etter kom vi til Neapolis.

12. Derifrå fór vi til Filippi, som er romersk koloni og ein viktig by i provinsen Makedonia. Vi vart verande ei tid der i byen.

13. På sabbatsdagen gjekk vi utanfor byporten, ned til ei elv der dei var vane å samlast til bøn. Og vi sette oss og tala til dei kvinnene som var komne saman.

14. Der var det ei kone frå Tyatira som heitte Lydia og handla med purpurty, ei av dei som trudde på Israels Gud. Ho høyrde på oss, og Herren opna hjarta hennar, så ho tok til seg det Paulus sa.

15. Då så ho og heile huslyden hennar var døypte, bad ho oss til seg og sa: «Så sant de held meg for ei kvinne som trur på Herren, så kom heim i huset mitt og gjev dykk til der!» Og ho nøydde oss til det.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 16