Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 16:24-40 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Då han hadde fått dette påbodet, tok han dei inn i det inste fangeholet og sette føtene deira fast i blokka.

25. Midnattstider heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangane lydde på dei.

26. Brått kom det eit sterkt jordskjelv, så grunnvollen under fengslet riste. Med ein gong sprang alle dørene opp, og lekkjene losna av alle fangane.

27. Fangevaktaren fór opp or svevnen, og då han såg at fengselsdørene stod opne, drog han sverdet og ville drepa seg; for han trudde fangane hadde rømt.

28. Men Paulus ropa med høg røyst: «Gjer deg ikkje noko vondt! Vi er her alle.»

29. Då bad han om ljos og sprang inn og kasta seg skjelvande ned for Paulus og Silas.

30. Og han leidde dei ut og sa: «Kva skal eg gjera, herrar, så eg kan verta frelst?»

31. Dei svara: «Tru på Herren Jesus, så skal du verta frelst, både du og huslyden din.»

32. Så tala dei Herrens ord til han og alle som var i huset hans.

33. Og i denne seine nattetimen tok han dei med seg og vaska såra deira. Straks etter vart han døypt med alle sine.

34. Sidan tok han dei med seg heim og gav dei mat, og han var hjarteglad fordi han og alt folket hans var komne til tru på Gud.

35. Då det vart dag, sende embetsmennene rettstenarane av stad med det bodet: «Slepp desse mennene fri!»

36. Fangevaktaren fortalde det til Paulus og sa: «Embetsmennene i byen har sendt bod om at de skal sleppast fri. Kom no ut og far dykkar veg i fred!»

37. Men Paulus sa til dei: «Endå vi er romerske borgarar, har dei utan lov og dom piska oss for augo på alle og kasta oss i fengsel. Og no vil dei jaga oss bort i løynd! Nei, dei får koma sjølve og føra oss ut!»

38. Rettstenarane bar dette svaret attende til embetsmennene, og då dei høyrde at dei var romerske borgarar, vart dei skræmde.

39. Dei kom og bad om orsaking og fylgde dei ut og bad dei fara bort frå byen.

40. Då dei var komne ut or fengslet, gjekk dei heim til Lydia. Der møtte dei brørne og sette mot i dei. Så drog dei av stad.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 16