Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 16:16-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Ein dag vi var på veg til bønestaden, møtte vi ei tenestjente som hadde ei spådomsånd i seg og tente mange pengar til husbondsfolket sitt med å spå.

17. Ho fylgde etter Paulus og oss andre og ropa: «Desse mennene er tenarar for Den Høgste Gud, og dei lærer dykk vegen til frelse.»

18. Dette gjorde ho dag etter dag. Då vart Paulus harm; han snudde seg og sa til ånda: «Eg byd deg i Jesu Kristi namn: Far ut or henne!» Og ho fór ut med ein gong.

19. Men då husbondsfolket åt jenta skjøna at det ikkje var von om meir vinning, greip dei Paulus og Silas og drog dei med seg til byretten, som heldt til på torget.

20. Dei førte dei fram for embetsmennene i byen og sa: «Desse mennene valdar stor uro i byen vår. Dei er jødar

21. og lærer oss skikkar som vi ikkje har lov til å godkjenna eller fylgja, vi som er romerske borgarar.»

22. Folkehopen òg yppa seg mot dei. Då lét embetsmennene folka sine riva kleda av dei og baud at dei skulle piska dei.

23. Dei gav dei mange slag og sette dei i fengsel, og fangevaktaren fekk påbod om å vakta dei vel.

24. Då han hadde fått dette påbodet, tok han dei inn i det inste fangeholet og sette føtene deira fast i blokka.

25. Midnattstider heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangane lydde på dei.

26. Brått kom det eit sterkt jordskjelv, så grunnvollen under fengslet riste. Med ein gong sprang alle dørene opp, og lekkjene losna av alle fangane.

27. Fangevaktaren fór opp or svevnen, og då han såg at fengselsdørene stod opne, drog han sverdet og ville drepa seg; for han trudde fangane hadde rømt.

28. Men Paulus ropa med høg røyst: «Gjer deg ikkje noko vondt! Vi er her alle.»

29. Då bad han om ljos og sprang inn og kasta seg skjelvande ned for Paulus og Silas.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 16