Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 12:12-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Så snart Peter vart vis med det, gjekk han til huset åt Maria, mor til Johannes, som hadde tilnamnet Markus. Der var mange samla og heldt bøn.

13. Han banka på ytterdøra, og ei tenestjente som heitte Rode, kom og skulle lata opp.

14. Ho kjende Peter att på målet og vart så glad at ho gløymde å opna døra, men sprang inn og fortalde at Peter stod utanfor.

15. «Du er frå vitet!» sa dei. Men ho heldt på sitt. «Då må det vera engelen hans,» sa dei.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 12