Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Tessalonikar 3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Ynskje om forbøn

1. Elles, brør, bed for oss at Herrens ord må ha stor framgang og koma til ære, liksom hjå dykk!

2. Og bed om at vi må verta berga frå vrange og vonde menneske; for det er ikkje alle som trur.

3. Men Herren er trufast; han skal styrkja dykk og vara dykk frå det vonde.

4. Og Herren har gjeve oss den tillit til dykk at de gjer og kjem til å gjera det vi byd dykk.

5. Gjev Herren må leia dykk fram til Guds kjærleik og Kristi tolmod!

Mot uorden og ulydnad

6. Vi byd dykk, brør, i Herren Jesu Kristi namn at de held dykk borte frå kvar bror som lever eit vørdlaust liv og ikkje rettar seg etter den læra de fekk av oss.

7. De veit sjølve korleis de skal leva om de vil ha oss til føredøme. For vi levde ikkje eit latmannsliv hjå dykk

8. og lét ikkje nokon halda oss maten utan vederlag. Vi arbeidde natt og dag; vi streva og sleit, så vi ikkje skulle vera nokon av dykk til tyngsle.

9. Vi har nok full rett til livsopphald, men vi ville gje dykk eit føredøme, så de kunne gå i våre fotefar.

10. For då vi var hjå dykk, gav vi dykk dette påbodet: Den som ikkje vil arbeida, skal heller ikkje eta.

11. Vi høyrer nemleg at nokre av dykk ikkje har skikk på livet sitt; dei passar ikkje arbeidet sitt, men driv med unyttige ting.

12. Slike brør byd og påminner vi i Herren Jesu Kristi namn at dei skal arbeida i stilla og eta sitt eige brød.

13. Men de, brør, vert ikkje trøytte av å gjera det som rett er!

14. Og er det nokon som ikkje vil retta seg etter det vi har sagt i dette brevet, skal de bita dykk merke i han. Ha ikkje noko med han å gjera, så han kan gå i seg sjølv.

15. Men hald han ikkje for ein fiende; tal han til rettes som ein bror.

Sluttord

16. Må han, fredens Herre, gje dykk sin fred, alltid og på alle måtar. Herren vere med dykk alle!

17. Denne helsinga skriv eg, Paulus, med eiga hand. Dette er kjennemerket i kvart brev. Slik er mi handskrift.

18. Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle!