Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Tessalonikar 2 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Den Lovlause

1. Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør:

2. Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen.

3. Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping,

4. han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud.

5. Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk?

6. Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem.

7. Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen.

8. Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes.

9. Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn.

10. Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste.

11. Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna.

12. Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

Stå fast!

13. Vi må alltid takka Gud for dykk, brør, de som er elska av Herren. For frå opphavet valde Gud dykk ut til å verta frelste, de som vart helga av Anden og trudde sanninga.

14. Dette kalla han dykk til ved det evangeliet vi forkynner, så de skal vinna vår Herre Jesu Kristi herlegdom.

15. Så stå då støtt, brør, og hald fast på det som de har teke imot og lært av oss, anten munnleg eller i brev.

16. Vår Herre Jesus Kristus sjølv og Gud, vår Far, som har elska oss og i sin nåde gjeve oss ei evig trøyst og ei god von,

17. han gjeve dykk mot i hjarta og styrke til alt godt, i ord og gjerning!