Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 12:11-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Så har eg då vore heilt ifrå meg! De har tvinga meg til det, eg som skulle ha fått lovord av dykk. For ikkje på nokon måte er eg mindre enn desse overapostlane, endå eg ingenting er.

12. Dei teikn som er kjennemerke på ein apostel, har eg med stort tolmod gjort mellom dykk: teikn, under og mektige gjerningar.

13. Vart de sette lågare enn dei andre kyrkjelydane? Det måtte då vera at eg ikkje har vore til tyngsle for dykk. Tilgjev meg den uretten!

14. No er det tredje gongen eg står budd og skal fara til dykk. Eg skal ikkje vera til bør for dykk; for det er ikkje det de eig, eg er ute etter, men dykk sjølve. Det er då ikkje borna som skal samla rikdom til foreldra, men foreldra til borna.

15. Men eg vil gjerne ofra alt, ja, sjølv verta ofra for dykkar skuld. Skal eg då verta mindre elska, fordi eg elskar dykk meir?

16. Det kan så vera, seier somme, at eg ikkje har vore til tyngsle for dykk, men eg er slu og har vunne dykk med list.

17. Sende eg nokon til dykk for eiga vinning skuld?

18. Eg bad Titus reisa og sende ein annan bror med han. Har Titus utnytta dykk? Har ikkje vi fare fram i den same ånd, han og eg, og gått i dei same fotefar?

19. De har visst lenge tenkt at vi forsvarar oss for dykk. Men det er for Guds andlet vi talar, i Kristus. Og alt dette er sagt, så de, mine kjære, skal verta oppbygde.

Les hele kapitlet 2. Korintar 12