Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 11:29-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Kven er veik utan at eg òg vert veik? Kven fell utan at det brenn i meg?

30. Om eg endeleg skal rosa meg, vil eg rosa meg av mi vanmakt.

31. Gud og vår Herre Jesu Far som er høglova i all æve, han veit at eg ikkje lyg!

32. I Damaskus sette landshovdingen til kong Aretas ut vakter fordi han ville gripa meg.

33. Men eg vart firt ned i ei korg frå ei luke i bymuren og slapp ut or hendene hans.

Les hele kapitlet 2. Korintar 11