Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 11:20-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. For de toler då at dei gjer dykk til trælar, at dei syg dykk ut og fangar dykk, ser ned på dykk og slår dykk i andletet.

21. Med skam må eg vedgå at vi i så måte har vore altfor veike. Men det som dei andre vågar – eg talar som i vitløyse – det kan vel eg òg våga.

22. Er dei hebrearar? Eg òg. Er dei israelittar? Eg òg. Er dei av Abrahams ætt? Eg òg.

23. Er dei Kristi tenarar? Eg talar som ein vitlaus mann: Eg er det endå meir. Eg har hatt større strev, fått fleire slag, vore oftare i fengsel, mang ein gong i dødsfare.

24. Av jødane har eg fem gonger fått dei førti slaga på eitt nær.

25. Tre gonger vart eg piska, ein gong steina, tre gonger leid eg skipbrot, og ein gong dreiv eg eit heilt døger ikring på havet.

26. Ofte var eg på ferder, i fare på elvar, i fare mellom røvarar, i fare mellom landsmenn, i fare mellom utlendingar, i fare i byar, i fare i øydemark, i fare på hav, i fare mellom falske brør,

27. i slit og strev, ofte i nattevòke, i svolt og torste, ofte fastande og utan klede i kulden.

28. Attåt alt det andre har eg det som dagleg ligg på meg, omsuta for alle kyrkjelydane.

29. Kven er veik utan at eg òg vert veik? Kven fell utan at det brenn i meg?

30. Om eg endeleg skal rosa meg, vil eg rosa meg av mi vanmakt.

31. Gud og vår Herre Jesu Far som er høglova i all æve, han veit at eg ikkje lyg!

32. I Damaskus sette landshovdingen til kong Aretas ut vakter fordi han ville gripa meg.

33. Men eg vart firt ned i ei korg frå ei luke i bymuren og slapp ut or hendene hans.

Les hele kapitlet 2. Korintar 11