Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 1:6-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Lid vi vondt, er det for at de skal få trøyst og frelse. Vert vi trøysta, er det for at de skal få den trøyst som gjer at de held ut i dei same lidingar som vi må tola.

7. Og vår von for dykk er fast. For vi veit at liksom de har del i lidingane, har de òg del i trøysta.

8. Vi vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om alt det vonde vi laut lida i Asia. Det var så tungt at det var meir enn vi kunne bera; vi tvila jamvel på om vi kunne berga livet.

9. Vi kjende oss alt som dødsdømde, for vi skulle ikkje lita på oss sjølve, men på Gud som reiser opp dei døde.

10. Men han berga oss frå den visse død, og han skal atter gjera det. Til han har vi sett vår von, og han skal berga oss på nytt.

11. Og de må koma oss til hjelp med bønene dykkar. Når mange bed, vil det frå mange munnar stiga opp takk for Guds nådige hjelp og for alt det han har gjort for oss.

12. For det kan vi rosa oss av og seia med godt samvit: Vi har ferdast her i verda, og ikkje minst mellom dykk, i ein heilagdom og reinleik som er av Gud. Vi har ikkje late oss leia av menneskeleg visdom, men av Guds nåde.

13. For det ligg ikkje noko anna i det vi skriv til dykk, enn det de kan lesa og skjøna. Og eg vonar at de fullt ut skal læra å skjøna

14. det som de nok har forstått ein del av, at vi skal vera dykkar ære liksom de skal vera vår på vår Herre Jesu dag.

15. I tillit til dette var det at eg ville koma til dykk fyrst, så de endå ein gong skulle få oppleva nåden.

Les hele kapitlet 2. Korintar 1