Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 1:13-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. For det ligg ikkje noko anna i det vi skriv til dykk, enn det de kan lesa og skjøna. Og eg vonar at de fullt ut skal læra å skjøna

14. det som de nok har forstått ein del av, at vi skal vera dykkar ære liksom de skal vera vår på vår Herre Jesu dag.

15. I tillit til dette var det at eg ville koma til dykk fyrst, så de endå ein gong skulle få oppleva nåden.

16. Eg ville vitja dykk både på ferda til Makedonia og på vegen attende derifrå, og så kunne de gje meg det eg trong på ferda til Judea.

17. Var dette ansvarslaus framferd? Eller legg eg planar ut frå menneskelege omsyn, så eg seier både ja og nei på same tid?

18. Så visst som Gud er trufast: Det vi seier til dykk, er ikkje samstundes ja og nei.

19. For Guds Son, Jesus Kristus, som vi har forkynt for dykk, eg og Silvanus og Timoteus, han var ikkje ja og nei; i han var det berre ja.

20. For så mange som Guds lovnader er, i han har dei fått sitt ja. Difor seier vi òg ved han vårt Amen, Gud til ære.

21. Men den som gjer både oss og dykk faste i trua på Kristus, og som har salva oss, det er Gud.

Les hele kapitlet 2. Korintar 1