Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 1:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Paulus, som etter Guds vilje er Jesu Kristi apostel, og Timoteus, bror vår, helsar Guds kyrkjelyd i Korint og alle dei heilage i heile Akaia.

2. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

3. Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, den Far som er rik på miskunn, den Gud som har all trøyst å gje.

4. Han trøystar oss i all vår naud, så vi kan trøysta dei som er i naud, med den trøyst vi sjølve får av Gud.

5. For liksom Kristi lidingar i rikt mål kjem over oss, så vert vi òg i rikt mål trøysta ved Kristus.

6. Lid vi vondt, er det for at de skal få trøyst og frelse. Vert vi trøysta, er det for at de skal få den trøyst som gjer at de held ut i dei same lidingar som vi må tola.

7. Og vår von for dykk er fast. For vi veit at liksom de har del i lidingane, har de òg del i trøysta.

8. Vi vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om alt det vonde vi laut lida i Asia. Det var så tungt at det var meir enn vi kunne bera; vi tvila jamvel på om vi kunne berga livet.

9. Vi kjende oss alt som dødsdømde, for vi skulle ikkje lita på oss sjølve, men på Gud som reiser opp dei døde.

10. Men han berga oss frå den visse død, og han skal atter gjera det. Til han har vi sett vår von, og han skal berga oss på nytt.

Les hele kapitlet 2. Korintar 1