Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Timoteus 5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Ulike grupper i kyrkjelyden

1. Tal ikkje hardt til ein gamal mann. Når du formanar han, så tal til han som til ein far. Unge menn skal du sjå på som brør,

2. eldre kvinner som mødrer og yngre kvinner som systrer, i reinleik.

3. Enkjer som verkeleg er enkjer, skal du æra og hjelpa.

4. Men har ei enkje born eller barneborn, så lat dei fyrst læra å visa gudsfrykt i sin eigen huslyd og gje dei gamle vederlag. For det er etter Guds vilje.

5. Den som verkeleg er enkje og står åleine, ho har sett si von til Gud og lever i bøn og påkalling natt og dag.

6. Men den som berre vil nyta livet, er levande død.

7. Det òg skal du prenta inn, så det ikkje skal vera noko å seia på dei.

8. Den som ikkje har omsut for sine næraste, og fyrst og fremst sin eigen huslyd, har fornekta trua og er verre enn ein vantruande.

9. Berre den som har fylt seksti år, kan skrivast inn mellom enkjene i kyrkjelyden. Ho må ha vore éin manns kone,

10. vera kjend for gode gjerningar, ha oppseda born, vore gjestmild, vaska føtene åt dei kristne, hjelpt dei som er i naud, og i det heile lagt vinn på å gjera vel.

11. Men unge enkjer skal du ikkje godta. For kanskje vert dei gripne av lyster og vil gifta seg, og då gjer dei Kristus imot;

12. for dei får den domen over seg at dei har brote den lovnaden dei fyrst gav om truskap.

13. Dessutan har dei ikkje noko å gjera og ven seg til å springa kring i husa. Ja, ikkje nok med at dei ingen ting gjer; dei fer òg med sladder og legg seg opp i saker som ikkje kjem dei ved, og snakkar om slikt som ikkje sømer seg.

14. Difor vil eg at dei unge enkjene skal gifta seg, få born og styra huset sitt, så dei ikkje kjem ut for spott og motstandaren får sleppa til.

15. Nokre har alt vendt seg bort og fylgt Satan.

16. Om ei truande kvinne har enkjer hjå seg, skal ho syta for dei og ikkje la dei vera til tyngsle for kyrkjelyden; så kan kyrkjelyden ta seg av dei enkjene som er åleine.

17. Eldste som er gode forstandarar i kyrkjelyden, fortener dobbel løn, serleg dei som arbeider med forkynning og opplæring.

18. For Skrifta seier: Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer, og: Ein arbeidar er si løn verd.

19. Godta ikkje klagemål mot ein eldste utan at det finst to eller tre vitne.

20. Dei som syndar, skal du tala til rettes medan alle høyrer på, til skrekk og åtvaring for andre.

21. Eg byd deg for Guds og Jesu Kristi åsyn og for dei utvalde englane at du skal halda dette, utan fordomar og utan å gjera skil på folk.

22. Ver ikkje for snar til å leggja hendene på nokon, og gjer deg ikkje medskuldig i syndene åt andre. Hald deg sjølv rein.

23. Drikk ikkje lenger berre vatn, men bruk litt vin for magen din, og fordi du så ofte er sjuk.

24. Hjå nokre menneske er syndene synlege for alle og går føre dei til domen, hjå andre fylgjer dei etter.

25. På same måten er dei gode gjerningane synlege. Og er dei ikkje det, skal dei koma for dagen.