Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Timoteus 3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Leiarane i kyrkjelyden

1. Dette er eit truverdig ord: Om nokon vil ha eit tilsynsembete, har han hug på ei gjæv gjerning.

2. Difor skal ein tilsynsmann vera ulastande, mann til éi kvinne, edrueleg, visleg, høvisk, gjestmild, dugeleg til å læra frå seg,

3. ikkje drikkekjær eller hardhendt, men mild, ikkje stridshuga eller pengekjær.

4. Han skal styra sitt eige hus godt, så borna hans er lydige og viser vørdnad.

5. Men greier han ikkje styra sitt eige hus, kor kan han då ha omsut for Guds kyrkje?

6. Han må ikkje vera nyomvend, for då kunne han verta hovmodig og koma under same domen som djevelen.

7. Han må ha godt ord på seg mellom dei som står utanfor, så han ikkje vert spotta og fell i djevelens snare.

8. Like eins skal diakonane vera vørde menn, som ikkje talar med to tunger, ikkje ligg under for drikk og ikkje er ute etter låk vinning.

9. Dei skal eiga løyndomen i trua i eit reint samvit.

10. Men dei òg skal prøvast fyrst, og dersom det ikkje er noko å seia på dei, kan dei setjast til tenesta.

11. Like eins skal kvinnene vera vel vørde, ikkje fara med baktale, men vera edruelege og pålitelege i alt.

12. Ein diakon skal vera mann til éi kvinne, og han skal vera ein god far og husbond.

13. For diakonar som har gjort ei god teneste, vinn seg ei akta stilling og får stort frimod i trua på Kristus Jesus.

14. Dette skriv eg til deg, endå eg vonar å koma attende om ikkje så lenge.

15. Men skulle det drya, vil eg at du skal vita korleis ein skal ferdast i Guds hus, som er den levande Guds kyrkje, sannings støtte og grunnvoll.

16. Det må alle sanna at løyndomen i vår gudstru er stor:Han vart openberra ¬i menneskeskapnad,vann sin rett i Anden,vart sedd av englar,forkynt for folkeslag,trudd i verda,oppteken i herlegdom.