Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Timoteus 3:5-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Men greier han ikkje styra sitt eige hus, kor kan han då ha omsut for Guds kyrkje?

6. Han må ikkje vera nyomvend, for då kunne han verta hovmodig og koma under same domen som djevelen.

7. Han må ha godt ord på seg mellom dei som står utanfor, så han ikkje vert spotta og fell i djevelens snare.

8. Like eins skal diakonane vera vørde menn, som ikkje talar med to tunger, ikkje ligg under for drikk og ikkje er ute etter låk vinning.

9. Dei skal eiga løyndomen i trua i eit reint samvit.

10. Men dei òg skal prøvast fyrst, og dersom det ikkje er noko å seia på dei, kan dei setjast til tenesta.

11. Like eins skal kvinnene vera vel vørde, ikkje fara med baktale, men vera edruelege og pålitelege i alt.

12. Ein diakon skal vera mann til éi kvinne, og han skal vera ein god far og husbond.

13. For diakonar som har gjort ei god teneste, vinn seg ei akta stilling og får stort frimod i trua på Kristus Jesus.

Les hele kapitlet 1. Timoteus 3