Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 9:15-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Men eg har ikkje nytta nokon av desse rettane. Eg skriv heller ikkje no for å gjera krav på dei. Eg ville heller døy enn at nokon skulle ta frå meg dette som eg er byrg av.

16. For om eg forkynner evangeliet, så er ikkje det noko å rosa seg av; det er eg nøydd til å gjera. Ve meg, om eg ikkje forkynner evangeliet!

17. Gjer eg det friviljug, då har eg krav på løn. Men gjer eg det fordi eg må, då er det ein hushaldars oppgåve som er meg pålagd.

18. Kva er så mi løn? Jau, at eg forkynner evangeliet for inkje og ikkje nyttar dei rettar evangeliet gjev meg.

19. Endå eg er fri og ikkje træl for nokon, har eg gjort meg til træl for alle for å vinna så mange som råd.

20. For jødane har eg vore som ein jøde, så eg kan vinna jødar. For dei som er under lova, har eg vore som ein som er under lova, så eg kan vinna dei, endå eg sjølv ikkje er under lova.

21. For dei som er utan lov, har eg vore som ein som er utan lov, så eg kan vinna dei, endå eg ikkje er utan lov for Gud, men bunden av Kristi lov.

22. For dei veike har eg vorte veik, så eg kan vinna dei veike. For alle har eg vorte alt, så eg i det minste kan frelsa nokre.

23. Men alt gjer eg for evangeliet skuld, så eg kan få del i det.

24. Veit de ikkje at på idrettsbanen er alle med og tevlar, men berre ein får sigersprisen. Spring då slik at de vinn prisen!

25. Ein idrettsmann må nekta seg alt. Han gjer det for å vinna ein forgjengeleg krans, men vi ein uforgjengeleg.

26. Så spring eg ikkje utan mål; eg fektar ikkje som den som slår i lause lufta.

27. Men eg er hard med meg sjølv og tvingar kroppen min, så ikkje eg, som har forkynt for andre, sjølv skal verta funnen uverdig.

Les hele kapitlet 1. Korintar 9