Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 7:23-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. De er kjøpte, og prisen er betalt. Så vert ikkje trælar for menneske.

24. Ja, brør, kvar og ein skal verta verande i det stand han var i då han vart kalla, og han skal vera der for Gud.

25. Om dei ugifte har eg ikkje noko bod frå Herren. Men eg seier mi meining, sidan eg av Herren har fått miskunn til å vera tru.

26. På grunn av den trengselstida vi lever i, meiner eg at det er godt for eit menneske at det vert verande ugift.

27. Er du bunden til ei kone, så prøv ikkje å verta fri. Er du ikkje bunden, så prøv ikkje å finna deg ei kone.

28. Men om du gifter deg, syndar du ikkje; og om ei ung jente gifter seg, syndar ho ikkje. Men dei som det gjer, kjem til å møta mange vanskar, og eg ville gjerne spara dykk.

29. Men det seier eg dykk, brør: Tida er kort. Heretter skal dei som har kone, vera som om dei ikkje hadde,

30. dei gråtande som om dei ikkje gret, dei glade som om dei ikkje gledde seg, dei som kjøper noko, som om dei ikkje åtte det,

31. og dei som brukar det som er i verda, som om dei ikkje bruka det. For denne verda, slik ho er, går under.

32. Eg vil at de skal vera utan suter. Den ugifte har omsut for det som høyrer Herren til, korleis han kan vera Herren til hugnad.

33. Men den som er gift, har omsut for det som høyrer verda til, korleis han kan vera kona til hugnad;

34. og så vert hugen delt. Den ugifte kvinna og den unge jenta har omsut for det som høyrer Herren til, så dei kan vera heilage både på lekam og sjel. Men den gifte kvinna har omsut for det som høyrer verda til, korleis ho kan vera mannen til hugnad.

35. Dette seier eg fordi eg vil dykk vel. Eg vil ikkje setja ei snare for dykk, men eg vil de skal leva sømeleg og halda dykk trufast til Herren utan at noko dreg dykk bort.

36. Om nokon trur at han ikkje kan vera i lag med jenta si på sømeleg vis, fordi han er i si fulle kraft, då skal han, når så må vera, gjera som han vil: Lat dei gifta seg, han syndar ikkje med det.

37. Men den som står fast i det han har sett seg føre og ikkje er under tvang, men har herredøme over viljen sin og har teke den avgjerda å la jenta vera som ho er, han gjer vel i det.

Les hele kapitlet 1. Korintar 7