Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 15:8-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Og aller sist synte han seg for meg, eg som berre er eit ufullbore foster.

9. For eg er den ringaste av apostlane, eg er ikkje verdig til å kallast apostel, for eg har forfylgt Guds kyrkje.

10. Men av Guds nåde er eg det eg er, og hans nåde mot meg har ikkje vore fåfengd. For eg har arbeidt meir enn dei alle, det vil seia, ikkje eg, men Guds nåde som er med meg.

11. Anten det no er eg eller dei andre – dette forkynner vi, og dette har de teke imot i tru.

12. Men når det vert forkynt at Kristus har stått opp frå dei døde, korleis kan då somme av dykk seia at dei døde ikkje står opp?

13. For står ikkje dei døde opp, så har heller ikkje Kristus stått opp.

14. Men har ikkje Kristus stått opp, er bodskapen vår gagnlaus og trua dykkar gagnlaus.

15. Då står vi som falske vitne om Gud; for vi har vitna imot Gud at han har reist Kristus opp, og det har han ikkje gjort dersom dei døde ikkje står opp.

16. For står ikkje døde opp, så har heller ikkje Kristus stått opp.

17. Men har ikkje Kristus stått opp, då er trua dykkar gagnlaus, og de er enno i syndene dykkar.

18. Då er òg dei fortapte som er avsovna i trua på Kristus.

19. Har vi berre for dette livet sett vår von til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske.

20. Men no er Kristus oppstaden frå dei døde; han er fyrstegrøda av dei som er avsovna.

21. Fordi døden kom ved eit menneske, så er òg oppstoda av døde komen ved eit menneske.

22. For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus.

23. Men kvar til si tid: Kristus er den fyrste; deretter fylgjer dei som høyrer Kristus til, når han kjem.

24. Så kjem enden, når han overgjev kongsmakta til Gud, Faderen, etter at han har gjort ende på all makt og alt herredøme og velde.

25. For han skal vera konge til Gud har «lagt alle fiendar under hans føter».

26. Den siste fienden som vert tynt, er døden.

Les hele kapitlet 1. Korintar 15