Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 1:1-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Paulus, som etter Guds vilje er kalla til Jesu Kristi apostel, og bror vår Sostenes

2. helsar Guds kyrkjelyd i Korint, de som er helga i Kristus Jesus, de heilage som er kalla; vi helsar òg alle som kvar på sin stad kallar på vår Herre Jesu Kristi namn – han som er deira og vår Herre.

3. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

4. Eg takkar alltid Gud for dykk, for den nåde han har gjeve dykk i Kristus Jesus.

5. I han har de vorte rike på alt, på all tale og all kunnskap;

6. vitnemålet om Kristus står då òg urikkande fast hjå dykk.

7. Difor vantar de ikkje noka nådegåve, medan de ventar på at vår Herre Jesus Kristus skal openberra seg.

8. Han skal òg styrkja dykk til enden kjem, så de kan stå ulastande på vår Herre Jesu Kristi dag.

9. Gud er trufast, han som har kalla dykk til samfunn med Son sin, Jesus Kristus, vår Herre.

10. Eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje skilja dykk i flokkar, men la alt koma i rett skikk, så de har same syn og same tanke.

11. For huslyden til Kloe har fortalt meg, brør, at det er strid mellom dykk.

12. Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus».

13. Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte?

14. Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius,

15. så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn.

16. Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.

17. Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft.

18. For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.

Les hele kapitlet 1. Korintar 1