Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Johannes 4:1-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. De kjære, tru ikkje kvar ei ånd! Prøv åndene om dei er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda.

2. På det kjenner de Guds Ande: Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud.

3. Men kvar ånd som ikkje vedkjennest Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og ho er alt i verda.

4. Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda.

5. Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei.

6. Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Såleis kan vi skilja sannings-ånda frå villfarings-ånda.

7. De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud.

8. Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik.

9. Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han.

10. Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre.

11. De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre.

12. Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.

13. At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande.

14. Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda.

15. Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud.

Les hele kapitlet 1. Johannes 4