Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sefanja 3:10-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Frå landet bortanfor elvane ¬i Nubiaskal mitt spreidde folk ¬som tilbed meg,koma til meg med offergåver.

11. Den dagen skal du ikkje ¬skjemmast lengerover alle brotsverk ¬du gjorde mot meg.For då tek eg bort ifrå degdei som jublar i hovmod.Du skal ikkje meir vera stor ¬og stolther på mitt heilage fjell.

12. Eg leiver i degeit armt og audmjukt folk.Dei skal setja si lit ¬til Herrens namn,

13. dei som er att av Israel.Dei gjer ingen urett meirog talar ikkje lygn.Det finst ingen svikefull tale ¬i deira munn.Dei går på beite og kviler trygt,det er ingen som skræmer dei.

14. Set i og jubla, Sions dotter!Rop av fryd, Israel!Gled deg, Jerusalems dotter,og jubla av heile ditt hjarta!

15. Herren har fria deg ¬frå straffedomenog teke bort dine fiendar.Herren, Israels konge, ¬er hjå deg,du skal ikkje lenger vera redd ¬noko vondt.

16. Den dagen skal dei seia ¬til Jerusalem:Ver ikkje redd, Sion!Lat ikkje hendene siga!

17. Herren din Gud er hjå deg,ei kjempe som kan frelsa.Han gleder og frydar seg ¬over deg,tek deg atter inn i sin kjærleik.Han jublar over deg med fryd,

18. som på ein høgtidsdag.Eg friar deg frå den dagendå du må tola spott.

Les hele kapitlet Sefanja 3