Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 92:5-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Med ditt verk har du gledt meg, ¬Herre;eg jublar over det du har gjort.

6. Kor store dine gjerningar er,kor djupe dine tankar, Herre!

7. Ein uvitug mann ¬forstår ikkje dette,dåren skjønar det ikkje.

8. Dei gudlause gror som graset,alle ugjerningsmenner blømer,men dei skal rydjast ut ¬for alltid.

9. Du, Herre, er høg til evig tid.

10. Men dine fiendar, Herre,dei skal gå til grunne,og alle ugjerningsmenner ¬skal spreiast.

11. Du gjev meg kraft ¬som ein villokseog salvar meg ¬med den friskaste olje.

12. Eg får sjå at mine fiendar fell,eg får høyra korleis det gårmed ugjerningsmenner ¬som reiser seg mot meg.

13. Men dei rettferdige gror ¬som palmer,dei veks som sedrar ¬på Libanon.

14. Dei er planta i Herrens husog blømer i vår Guds ¬tempelgardar.

15. Enno i sin alderdom ¬ber dei frukt,friske og frodige er dei.

16. Såleis forkynner dei ¬at Herren er rettvis;hjå han, mitt berg, ¬er det ingen urett.

Les hele kapitlet Salmane 92