Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 88:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ein song. Ein salme av Korah- songarane. Til korleiaren. Til å syngja etter «Mahalat». Ein læresalme av Heman, som høyrde Esrah-ætta til.

2. Herre, du Gud ¬som er min frelsar,eg ropar til deg dag og natt.

3. Lat mi bøn koma fram for deg,vend øyra til mitt klagerop!

4. Mi sjel er mett av ulukker,mitt liv er kome dødsriket nær.

5. Eg vert rekna til dei ¬som steig ned i grava,eg er som ein mann utan kraft.

6. Eg er som ein død ¬mellom døde,lik falne som ligg i si grav;du kjem dei ikkje meir i hug,skilde som dei er frå di hand.

7. Du har lagt meg ¬i grava der nede,i den mørke, djupe avgrunn.

8. Din harme kviler tungt på megdu lèt dine brotsjøar ¬slå over meg. Sela

Les hele kapitlet Salmane 88