Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 83:7-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. dei som bur i Edoms ¬og Ismaels telt,moabittane og hagrittane,

8. Gebal, Ammon og Amalek,filistarane og dei som bur ¬i Tyrus;

9. jamvel Assur går i lag med deiog låner sin arm ¬til Lots søner. Sela

10. Gjer med dei som med Midjan,med Sisera og Jabin ¬ved Kisjon-bekken.

11. Dei fekk si endelykt ¬ved En-Dorog vart til gjødsel på marka.

12. Lat det gå deira stormenn ¬som Oreb og Se’ebog alle deira fyrstar ¬som Sebah og Salmunna!

13. For dei seier:«Vi vil ta Guds bustader ¬i eige.»

14. Min Gud, lat dei verta ¬lik ein kvervlande tistel,lik halmstrå som fyk ¬for vinden.

15. Som elden brenner opp ¬ein skogog logane set fjell i brann,

16. så må du jaga dei ¬med ditt uverog skræma dei med din storm.

17. Lat deira andlet raudna ¬av skam,så dei spør etter ditt namn, ¬Herre.

18. Lat dei skjemmast ¬og skræmast for alltid,lat dei verta vanæra ¬og gå til grunne!

19. Gjev dei må skjøna ¬at einast du,du som ber namnet Herren,er Den Høgste over all jorda.

Les hele kapitlet Salmane 83