Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 83:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ein song. Ein Asaf-salme.

2. Gud, hald deg ikkje i ro,ver ikkje still og tagal, Gud!

3. For sjå, dine fiendar er ¬i opprør,dei som hatar deg, ¬lyfter hovudet.

4. Dei legg lumske planar ¬mot ditt folk,dei held samråd ¬mot dei du vernar:

5. «Kom, lat oss sletta dei ut ¬som folk,så ingen meir ¬kjem Israels namn i hug!»

6. Dei held råd og vert samde,så gjer dei samband mot deg:

7. dei som bur i Edoms ¬og Ismaels telt,moabittane og hagrittane,

8. Gebal, Ammon og Amalek,filistarane og dei som bur ¬i Tyrus;

Les hele kapitlet Salmane 83