Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 79:9-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Hjelp oss, Gud,du som er vår frelsar,så ditt namn kan verta æra.Fri oss ut for ditt namn skuld,og tilgjev våre synder!

10. Kvifor skal folka seia:«Kvar er deira Gud?»Gjer det kjent mellom folka,og lat oss få sjå at du tek hemnfor det utrende blodet ¬av dine tenarar.

11. Høyr korleis fangane sukkar!Løys med din veldige armdei som er vigde til døden!

12. Lat våre grannar ¬få sju gonger attfordi dei har spotta deg, Herre.

13. Men vi, ditt folk, ¬den hjord du gjæter,vil lovsyngja deg til evig tid,forkynna din pris ¬frå ætt til ætt.

Les hele kapitlet Salmane 79