Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 73:14-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Endå vart eg plaga heile dagen,kvar morgon vart eg tukta.

15. Hadde eg sagt: ¬«Såleis vil eg tala»,då hadde eg svike ¬dine søners ætt.

16. Så tenkte eg etter, ¬ville skjøna dette;mødesamt var det for meg

17. – til dess eg gjekk inn ¬i Guds heilagdom;då skjøna eg ¬korleis det går dei til sist.

18. Ja, på håle vegar fører du dei,du lèt dei falla og gå til grunne.

19. Å, kor brått dei går til grunne,dei vert rivne bort ¬og endar i redsle.

20. Liksom vi vanvørder ein draumnår vi vaknar om morgonen,såleis vanvørder du synet ¬av deinår du reiser deg, Herre.

21. Så lenge eg var beisk i hugen,og kjende at det stakk i hjarta,

Les hele kapitlet Salmane 73