Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 73:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ein Asaf-salme.a, Gud er god mot Israel,mot dei som er reine av hjarta.

2. Men eg heldt på å snåva,mine føter hadde nær glide ut.

3. For eg vart harm ¬på dei hovmodige,då eg såg ¬at det gjekk dei gudlause vel.

4. Dei har ingen plager,dei er friske og godt i hold.

5. Menneskeleg møde ¬er dei frie for,dei vert ikkje plaga som andre.

6. Difor er hovmod ¬deira halsband,valdsferd er kappa ¬dei sveiper seg i.

7. Vondskapen strøymer ¬frå deira indre,deira hjartans tankar ¬trengjer seg fram.

8. Dei spottar ¬og talar i vondskap,ovanfrå trugar dei ¬med trengsle.

9. Dei lyfter munnen ¬mot himmelen,og tunga fer ikring på jorda.

10. Difor vender folk seg til dei,og mykje vatn syg dei i seg.

11. Dei seier: «Korleis skulle Gud ¬vita om det?Har Den Høgste ¬kjennskap til noko?»

12. Ja, så er dei gudlausesom støtt er trygge ¬og aukar sin rikdom.

Les hele kapitlet Salmane 73