Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 41:7-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Og kjem det ein og ser til meg,talar han falske ord.Hans hjarta samlar på det ¬som er vondt,og så går han ut ¬og snakkar om det.

8. Alle som har lagt meg for hat,kviskrar saman om meg,dei legg vonde planar ¬mot meg:

9. «Noko uhyggjeleg ¬har hendt han;no ligg han der ¬og står aldri meir opp.»

10. Jamvel venen min ¬som eg leit på,han som åt ved mitt bord,lyfter hælen mot meg.

11. Men, Herre, ver du meg nådig,hjelp meg opp, ¬så eg kan gje dei att.

12. Min fiende får ikkje ¬triumfera over meg;difor veit eg at du ¬har meg kjær.

13. Ja, du held meg oppe,for eg er heil i mi ferd;du lèt meg alltid ¬stå for ditt åsyn. *

14. Lova vere Herren, Israels Gud,frå æve til æve! ¬Amen, amen.

Les hele kapitlet Salmane 41