Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 41:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2. Sæl er den som har omsutfor dei hjelpelause;på ulukkedagen ¬friar Herren han ut.

3. Herren vernar han ¬og held han i live,folket i landet ¬prisar han lukkeleg.Du gjev han ikkje over ¬til grådige fiendar.

4. Herren er hans støtte ¬på sjukesenga;du skaper om hans lege ¬når han er sjuk.

5. Eg seier: «Herre, ¬ver meg nådig;læk meg, for eg har synda ¬mot deg!»

6. Mine fiendar talar vondt ¬imot meg:«Når skal han døy ¬og hans namn ¬gå til grunne?»

7. Og kjem det ein og ser til meg,talar han falske ord.Hans hjarta samlar på det ¬som er vondt,og så går han ut ¬og snakkar om det.

Les hele kapitlet Salmane 41