Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 39:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Til korleiaren. For Jedutun.Ein Davids-salme.

2. Eg tenkte: «Eg vil ta meg i vare,så eg ikkje syndar med tunga,eg vil tøyma min munnså lenge dei gudlause ser meg.»

3. Så vart eg mållaus og still,eg tagde ¬og hadde det ikkje godt.Mi liding var hard,

4. eg vart heit om hjarta;eg stunde, og det brann som eld.Då tok eg til ords og sa:

5. «Lær meg, Herre, ¬å kjenna min utgang,mine tilmælte dagar, ¬kor få dei er,så eg kan skjøna ¬kor forgjengeleg eg er.»

6. Sjå, dei dagar du gjev meg, er få,mi levetid er ingen ting for deg.Ja, alle menneske ¬er som ein pust, Sela

7. som ein skugge går dei sin veg.Dei strevar og styn ¬til inga nytte,dei samlar, men veit ikkje ¬kven som får det.

8. Og no, kva skal eg venta på, ¬Herre?Einast til deg står mi von.

9. Så fri meg frå alle mine synder!Gjer meg ikkje til spott ¬for dårar!

10. Eg teier ¬og lèt ikkje opp min munn,for det er du ¬som har laga det så.

Les hele kapitlet Salmane 39