Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 22:8-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Alle som ser meg, ¬held meg for narr,rengjer munnen ¬og rister på hovudet:

9. «Han har lagt si sak ¬i Herrens hand.No får han fria han ut ¬og berga han,han har då mannen kjær!»

10. Ja, du drog meg fram ¬frå mors livog la meg trygt ¬ved hennar bryst.

11. Frå eg vart fødd, ¬er eg kasta på deg,frå mors liv er du min Gud.

12. Så gå ikkje frå meg, ¬for nauda er nær,og det finst ingen som hjelper.

13. Sterke oksar kringset meg,Basan-stutar flokkar seg ¬rundt meg.

14. Dei spilar opp gapet mot megsom rovgriske, brølande løver.

15. Mi kraft er uttømd liksom vatn,alle mine bein har losna.Mitt hjarta er som voks,det har smelta i mitt bryst.

16. Min strupe er turr ¬som eit krusbrot,og tunga klistrar seg til ganen.Du legg meg i dødens støv.

17. Ja, hundar samlar seg om meg,ein flokk av valdsmenn ¬kringset meg;dei gjennomborar mine hender ¬og føter.

18. Kvart bein i min kropp ¬kan eg telja,folk stirer på meg ¬med skadefryd.

19. Dei skifter kleda mine ¬mellom segog kastar lodd om kappa mi.

20. Men, Herre, ¬ver ikkje langt ifrå meg,skunda deg og hjelp meg, ¬du min styrke!

21. Berga mitt liv frå sverdet,det beste eg har, frå hundevald!

22. Frels meg frå løvegapog frå villoksehorn!Du bønhøyrer meg.

23. Eg vil forkynna ditt namn ¬for mine brør,midt i lyden vil eg lova deg.

24. «Pris Herren, ¬de som har age for han,gjev han ære, all Jakobs ætt!Ja, skjelv for han, all Israels ætt!

25. For han har ikkje ¬vanvørdt ein stakkareller vendt seg frå han ¬når han var i naud.Han løynde ikkje sitt åsyn ¬for han,men høyrde han då han ropa.»

26. Frå deg kjem min lovsongi den store lyden.Eg vil halda mine lovnadermellom dei som har age for deg.

Les hele kapitlet Salmane 22