Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 22:11-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Frå eg vart fødd, ¬er eg kasta på deg,frå mors liv er du min Gud.

12. Så gå ikkje frå meg, ¬for nauda er nær,og det finst ingen som hjelper.

13. Sterke oksar kringset meg,Basan-stutar flokkar seg ¬rundt meg.

14. Dei spilar opp gapet mot megsom rovgriske, brølande løver.

15. Mi kraft er uttømd liksom vatn,alle mine bein har losna.Mitt hjarta er som voks,det har smelta i mitt bryst.

16. Min strupe er turr ¬som eit krusbrot,og tunga klistrar seg til ganen.Du legg meg i dødens støv.

17. Ja, hundar samlar seg om meg,ein flokk av valdsmenn ¬kringset meg;dei gjennomborar mine hender ¬og føter.

18. Kvart bein i min kropp ¬kan eg telja,folk stirer på meg ¬med skadefryd.

19. Dei skifter kleda mine ¬mellom segog kastar lodd om kappa mi.

20. Men, Herre, ¬ver ikkje langt ifrå meg,skunda deg og hjelp meg, ¬du min styrke!

21. Berga mitt liv frå sverdet,det beste eg har, frå hundevald!

22. Frels meg frå løvegapog frå villoksehorn!Du bønhøyrer meg.

23. Eg vil forkynna ditt namn ¬for mine brør,midt i lyden vil eg lova deg.

24. «Pris Herren, ¬de som har age for han,gjev han ære, all Jakobs ætt!Ja, skjelv for han, all Israels ætt!

Les hele kapitlet Salmane 22